Logo

Oppløysing i DxD

Skriv et svar
12.11.2006 11.05.09 #1 av 1
Postet av: sigmundg
I artikkelen «Marianne Thorsen / Trondheimsolistene - Mozart» vart det spekulert i at DxD er PCM med oppløsning på 352,8kHz / 32bit. Oppløysinga er ikkje 32, men 24 bit. Signal-til-støy-forholdet (SNR) til ein analog-til-digital konverter er om lag 6 dB per bit for jamn amplitudefordeling. Klassisk musikk har med god tilnærming Gaussik (normal) amplitudefordeling, som resulterer i at SNR vert redusert med rundt 8.5 dB. For ein 24-bit konverter har ein likevel eit SNR på 135 dB. Det er vanskeleg å bygga analog elektronikk med SNR på meir enn eundt 115 dB, så 24 bit er nok.

Med unnatak av dette punktet er eg heilt samd i det som stod i artikkelen. Dette er eit svært godt opptak. Alle som er interreserte i naturleg attgjeving av klassisk musikk bør lytta til dette opptaket.
Svar med sitat Rapporter dette innlegget
Skriv et svar